• GOD HJELP: M/S «Atløy» (bak) og taubåten «Vulcanus» er to av veteranbåtane som skal vere med på Fjordsteam neste år. Leiar Øyvind Konglevoll og Egil Sunde (t.h.) i festivalkomiteen er glade for all hjelpa dei har fått frå Bergen Arrangementsselskap AS. FOTO: EIRIK BREKKE

Reagerer på kritikk mot eventselskap

Arrangørane av Fjordsteam 2018 meiner Bergen arrangementsselskap AS gir uvurderleg hjelp, og kjenner seg ikkje att i kritikken mot det kommunale selskapet.