Overskot i fylkeskommunen

Klokka 12 måndag vart det servert blautkake i 14. høgda i fylkesbygget i Bergen. Ikkje på grunn av St. Valentinsdagen, men fordi Hordaland fylkeskommune sin rekneskap for 2004 var gjort opp med overskot på 11,6 millionar kroner.