Overgrep i politiarrest, meiner mor

Mor til ein tenåring som hamna på glattcelle i Florø, hevdar i eit brev at sonen vart mishandla og fornedra av politiet. Golvvarmen i cella skal ha blitt skrudd opp til det uuthaldelege, samtidig som han måtte drikke av spylevatnet til toalettet.