Omkom i bilulykke i Årdal

Ein person miste livet i ei bilulykke i Årdal laurdag kveld. Tre andre vart alvorleg skadde. Ulykka skjedde i 19-tida på Riksveg 53 mellom Øvre Årdal og Årdalstangen. To bilar var involverte i kollisjonen.