Mormora til bybanen er 70

Når bybanen i Bergen om nokre år tek til å rulla, og blir ein suksess, er det nok mange som vil ta sin del av æra. Men ei av dei som bør få invitasjon til første turen er gårsdagens 70-årsjubilant, Sidsel Pihl Haugen.