• <b>MEKLARTABBE:</b> Eli Haaheim Borgen trudde ho var eigar av både hus og hage i Skraneskogen 76. Grunnboka viste noko anna: Naboen hadde ved ein feil fått eit tinglyst skøyte for heile eigedomen. RUNE SÆVIG

Meklar gav bort villaen

Eli Haaheim Borgen gav Notar i oppdrag å selje ein del av hagen. Og vips, så var heile huset hennar ført over på kjøparen.