Kutt på Bergensbana ein katastrofe for reiselivet

-Eit sterkt redusert rutetilbod på Bergensbana, vil vera ei katastrofe for reiselivet i Sogn og Fjordane, ei næring som har status som nasjonalt satsingsområde, og som er ei av få næringar i fylket som har vist konstant vekst, seier reiselivssjef Noralv Distad til Sogns Avis.