Kristin på steingrunn

Når Aker Stord måndag tek fatt på dei første stålkonstruksjonane til Kristin-plattforma, er eit over to år langt Statoil-oppdrag i gang ved verftet. Ei ny byggeløysing blir teken i bruk ved at Kristin-dekket skal byggjast og samanstillast på ei mellombels steinfylling i dokken.