Krev åtte månader for litauarar

Politiet krev åtte månader vilkårslaust fengsel for dei tre litauiske mennene som vart pågripne etter ein dramatisk politiaksjon i desember. Både spikermatter og helikopter vart tatt i bruk for å knipe dei tre mennene først i 20-åra.