– Tungesvik var ein bauta i partiet og ein nestor innan psykiatrien i Norge, seier KrF-lear Knut Arild Hareide, som tok imot meldinga om dødsfallet med stor sorg.

Den tidlegare stortingsrepresentanten var ute på sykkel då han kolliderte med ein personbil i Skånevik i Etne måndag. Sidan har han lege hardt skadd på Haukeland universitetssjukehus, der han døydde fredag.

81 år gamle Hans Olav Tungesvik var framleis aktiv i yrkes- og organisasjonsliv då han gjekk bort. BT intervjua han i februar, då han nett hadde gjeve ut boka «Ei forfriskande livsreis» om sitt eige liv. Kona Liv omtale ektemaken som ein optimist, noko sjølvbiografen sa seg samd i:

– Eg er jo 80 år, er godt gift og har god helse. Det gjeld om å halde seg i sving. Ute i hagen ligg veden klar til kløyving, og snart kjem det arbeid i hagen. Vi har 12 ulike eplesortar der ute.

Starta i Venstre

Tungesvik var fødd i 1936 i Skånevik og var ferdig utdanna lege i 1964. Drygt ti år seinare var han spesialist i psykiatri.

Som psykiater har Tungesvik vore fylkespsykiater i Finnmark, sjeflege ved Modum Bad og dagleg leiar ved Frihamn psykiatriske senter i Skånevik. Framleis tok han imot pasientar to gongar i veka og var medlem av Statens seniorråd.

Tungevik engasjerte seg òg i målsaka, og frå 1965 til 1970 var han leiar for Noregs mållag.

Folk flest kjenner nok mest til politikaren Tungesvik. Han tok til i Venstre. Då partiet sprakk på landsmøtet på Røros i 1972, trakk Tungesvik seg ut og gjekk etter nokre år over til KrF.

– Gav gode råd

Hans Olav Tungesvik var stortingsrepresentant for KrF frå 1977 til 1985. Då han sa frå seg vervet, var det fordi han ynskte vere meir i lag med kona Liv og dei fem borna, påpeiker partileiar Hareide. Han kjende Tungesvik gjennom 26 år.

– Hans Olav har følgt meg i heile mitt politiske liv. Han var ein av dei som stadig kom innom kontoret. Han gav gode råd og har vore til god støtte både på dårlege og gode dagar, seier Hareide.

MOTTOK FRÅ KONGEN: Med kona Liv ved si side mottok Hans Olav Tungesvik Kongens fortenestemedalje i gull på slottet i Oslo i april 2007. Tungesvik fekk medalja for innsatsen som stortingsmann, psykiater og misjonsmann.
Bjørn Sigurdsøn, NTB SCANPIX

– Det er ei sann eldsjel med eit varmt hjarte, eit klart hovud og ein usedvanleg formuleringsevne som no er gått bort, legg han til.

I 1995 blei Tungesvik tildelt kulturprisen i Etne. Han fekk i 2001 Livsvernprisen av organisasjonen Menneskeverd saman med Carl Magnus Edenbrandt.

I 2007 fekk Tungesvik Kongens fortenestmedalje i gull.

– Menneskelivet er rikt

I BT-intervjuet frå februar fekk Tungesvik spørsmål om kva han hadde lært om menneske etter 42 år som psykiater.

– At menneskelivet er umåteleg mangfaldig og utruleg rikt. Det vore ei stor oppleving å møta menneske i svært ulike livssituasjonar, og å vera ein medhjelpar til å få dei ut av djupe kriser. Frå at dei var heilt på botnen, til at dei kan vandra vidare med rak rygg og løfta panne.

Og vidare:

– Mi grunnhaldning er at ein alltid må gjera det beste ut av situasjonen ein er i. Det er alltid eit lyspunkt, sjølv i det mørkaste.