Hytteidyllen som vart skylt bort

Ein eim av diesel ligg tung i lufta. Ei havarert tresnekke duppar blant haugar av sønderknust treverk. Ei hytte er røska av fundamentet og kasta inn i granskogen. Det er dagen derpå i Viksavågen.