Huset i dag, i «reality» og røyndom

Identitet kan byggjast, men mest lettvint er å kjøpa han. Husforma i dagens «reality» er mest eit kommunikasjonsmiddel, i ein trong synsvinkel. Det fungerer som ein ytre ham, men helst for å visa seg. Men moten og språket skiftar. Så står ein att med eit hus som ikkje svarar til røyndommen. Og problema kjem fram på mange måtar. Her ei kritisk drøfting av rektor ved Arkitektskolen i Bergen, Svein Hatløy.