• SKURTE REINT: Store øydeleggingar i bygda Blakset i Nordfjord etter flaumen denne veka. Rundt ti personar er enno utan vegsamband, og Statens vegvesen trur det tar lang tid før fylkesveg 613 kan opnast for ordinær trafikk. FOTO: NVE

Heim til enorme skadar

Dei evakuerte i Nordfjord har fått reise heim igjen, og elektrisiteten er tilbake. I går kunne folk sjå dei enorme skadane flaumen har gjort.