Fire fengsla etter narkofunn

Tollvesenet visste at eit kjempeparti med hasj var på veg til Bergen om bord i danskbåten. I reservehjulet på ein hengar med bananar fann dei 62 kg hasj. Fire menn er pågripne og vart i kveld satt i varetekt.