Fekk torpedoar på døra

Politiet fekk seint i går melding om at to torpedoar med finlandshetter skal ha teke seg inn i eit husvære på Litlabø på Stord. Dei to skal ha truga ein mann, og slege han i andletet før dei forsvann.