Dømt til fire og eit halvt år for drapsforsøk

Ein 18-åring frå Odda er i Hardanger tingrett dømt til fire år og seks månaders fengsel for eit overlagt og eit forsettleg drapsforsøk, og brot på våpenlova, då han skaut med dobbeltløpa hagle ved Nye Hjørna Diskotek i gågata i Odda sentrum natt til 25. september i fjor.