• (1/4)
    PUST I BAKKEN: Travle dagar i fjordbotnen. Turid Ski Findebotten med barnebarnet Alexander på fanget, dottera Carina og svigerson Finn-Arild Ellingstad tek seg tid til kaffi og is. Men heilt fred blir det ikkje. Telefonen ringjer. Og om eit par timar kjem fire amerikanarar i leigd luksusbåt på besøk for å oppleve urørt natur.<p/>FOTO: ODDLEIV APNESETH

Der ingen skulle tru at nokon kunne blues

— Tenk, ein bluesfestival her!, sa kjenningen frå Vik. Før han la til: - Men det får de vel ikkje til. Til helga skjer det. Åtte fastbuande i veglause Finnabotn slår til med Finnafjorden Blues.