Avfyrte skot i bustadfelt i Granvin

Natt til laurdag vart det avfyrt skot i eit bustadfelt i Granvin. Politiet aksjonerte, og beslagla ein revolver og ein pistol. Ein mann er sikta og ein annan mistenkt for brot på straffelova og våpenlova.