Arbeidar fall i døden

Ein 51 år gammal mann døydde etter at han fall ned fem etasjar frå eit bygg på Nygårdshøyden i Bergen. I følgje Arbeidstilsynet fanst det ikkje sikring på taket der fallet skjedde. Politiet målte seinare på dagen fallhøgda til 13,7 meter.