Åleine på fortet

Ein gong overvaka Skjeljanger fort innseglinga frå nord og vest mot Bergen. Over 100 mann var stasjonert her lengst nord på Holsnøy i Meland. I dag er Vestlandets største fort dimittert, og har berre ein einsleg tilsynsmann att.