110 meter hekk må vekk

I 40 år har ein frodig mispelhekk verna Lidvald Stubhaug (82) sitt hus og tun mot vind og trekk. Men komande veke skal over 110 meter hekk rundt eigedommen fjernast på grunn av heftige pærebrannåtak i Fitjar i haust.