- Eg saknar å gå på ski med barna

Kvar påske kjem dei sterke minna attende. Til BT fortel Roy Helge Aaberg (38) om dramaet som utspant seg då han påska for sju år sidan styrta med helikopter og vart lam. — Vi menneske anar ikkje kva krefter som bur i oss, før vi blir sette på prøve, seier tobarnsfaren. I dag er han ferd med å etablere firmaet Rojostyle, som spesialdesignar fritidsklede for rullestolbrukarar.