• IDEPRAT: Ved bordet i Bestefarstova blir mange av dei orginale ideane til, gjerne når humørbondedreng Hanna og humørbonden sjølv pratar om noko heilt anna.<p/>FOTO: GIDSKE STARK

- Eg er bonde. Humørbonde!

På eit lite småbruk i Nordhordland bur Noregs einaste patenterte humørbonde. I lag med blant anna ein humøropat, sju sindige vestlandshestar og ein hane ved namnet Guro Junior den sjette, kjempar han mot bygdedyret.