• (1/2)
    HOPP I BRUDEKLEDA: I skulegarden på Rommetveit gjeld det å hoppa og ikkje trø på svingtauet til feil tid. Hopperegla er nådelaus. Gutane kan risikera å måtte gifta seg i trusa, jentene i berre bh. - Den har dei ikkje lært av meg, seier lærar Kari Junge med svingtauet til venstre. Skulen har aktivt introdusert gamle songleikar og tradisjonsleikar. - Det er kjekt å sjå at barna no leikar desse leikane på eiga hand i friminutta, seier Junge.<p/>FOTO: FRED IVAR UTSI KLEMETSEN

- Brudekjole, bh, naken, brudekjole, bh, ...nei!

Å la svingtauet avgjera brudeantrekket, er toppen av moro på Rommetveit skule. Slåball, tikken og hoppetau gjev barna betre kompetanse når dei blir vaksne enn all verdas leiarkurs, meiner høgskulelektor.