- Lett å bli kvitt ME

Phil Parker, mannen bak Lightning process, hevdar at det er enkelt å bli kvitt ME.

Publisert: Publisert:
icon
Denne artikkelen er over 14 år gammel

— Lightning process forandrar fullstendig folks oppfatning av ME som ein uhelbredeleg sjukdom til noko du lett kan bli frisk frå. Det handlar berre om å finne rett verktøy til jobben, seier Parker.

Hjelp ikkje dokumentert

Det finst ikkje vitskapleg dokumentasjon på effekten av Lightning process (LP), men Parker opplyser at fleire forskingsprosjekt er på gang. I mellomtida viser han til ei undersøking utført av The Phil Parkers Training Institute, der hundre kursdeltakarar har svart på spørsmål.

— Etter den tredje kursdagen svarte 86 prosent at dei ikkje lenger hadde symptom på ME. Folk som ikkje har tolt lys og lyd på mange år, som har vore lenkja til senga eller rullestol i ti, tretti, femti år blir betre i løpet av tre dagar, hevdar Parker.

Heftige debattar

Parker karakteriserer ME som ein «multisystem-sjukdom» med fysiske årsaker, men tilnærmingsmetoden er psykologisk. Kursdeltakarar lærer mentale «triks» for å forandre negative tankar og åtferd.

— Alle sjukdommar har både eit fysisk og psykisk aspekt. Å tru noko anna er galskap, seier Parker.

Metoden blir heftig diskutert på ulike ME-forum, og ME-foreningen har understreka at LP ikkje passar for alle.

— Forstår du at pasientar blir provoserte, når du seier at det er lett å bli frisk?

— Tja. Dei kan også velje å bli nysgjerrige, og få nytt håp. For dei som ikkje ønskjer å prøve, er det berre trist. Dei kan velje å vente og vere sjuke nokre år til, medan dei ser andre bli friske. Eller vere proaktive, og prøve sjølve, seier Parker.

Publisert: