Vil streike for å hindre «polsk løn»

Det kan bli streik i fiskeindustrien. Fagforeningane vil ha avtale som vil sikre norsk tariffløn til alle i bransjen.

Publisert Publisert

SMUTTHOL: Det vakte oppsikt då fiskeforedlingsbedriften Sekkingstad på Sotra i fjor selde fabrikken til eit polsk firma, for å unngå eit direktiv som skulle sikre utanlandske vikarar norske løns- og arbeidsvilkår. Foto: Eirik Brekke

  • Hans K. Mjelva
iconDenne artikkelen er over seks år gammel

— Vi har samla inn mykje dokumentasjon som dokumenterar løn ned i 90 kroner timen, seier Jarle Wilhelmsen, forbundssekretær i Norsk nærings- og nytelsesmiddelarbeiderforbund (NNN).

Tysdag braut dei årets lønsforhandlingar med arbeidsgjevarane i fiskeindustrien, fordi dei ikkje ville gå med på såkalla allmenngjering av tariffavtalen.

Minsteløn i bransjen

Minste tariffløn i fiskeindustrien er i dag 157 kroner timen, men fleire bedrifter i næringa løner arbeidarane lågare enn det. Det gjer dei ved å bruke utanlandsk arbeidskraft.

Den einaste måten å sikre at alle må betale same løna er såkalla allmenngjering, som gjer tariffløna til ei lovfest minsteløn i heile bransjen.

Ein arbeidstakarorganisasjon kan prøve å få gjennom allmenngjering i tariffnemnda åleiene, men det er langt enklare viss dei har arbeidsgjevarane med på laget.

- Overraskande

— Vi har ikkje avvist allmenngjering. Det vi har sagt er at vi er villig til å få inn i forpliktande prosessar saman med NNN for å få eit ryddig arbeidsliv. Der er allmenngjering eit av dei moglege tiltaka, seier adm. direktør Geir Ove Ystmark i Fiskeri- og havbruksnæringens landsforening (FHL).

Han seier dei òg sa seg villige til å ta ein pause i forhandlngane, slik at dei kunne ta ein diskusjon internt i arbeidsgjevarorganisasjonen.

— Difor var det overraskande at det vart eit brot. Men vi kjem til å vere opne for ein dialog med NNN òg fram til meklinga, seier han.

Omgår direktiv

Etter at Norge i fjor innførte EU sitt såkalla vikarbyrådirektiv, måtte norske bedrifter betale utanlandske vikarar norsk tariffløn. Fiskeforedlingsbedriften Sekkingstad på Sotra omgjekk dette ved å selje fabrikken til eit polsk firma, som dermed kunne drive vidare med løner som låg godt under norsk tariffløn.

Konkurrerande fiskeforedlingsbedrifter reagerte på at ordninga var konkurransevridande. Ein skulle då tru at FHL ville ønske ei allmenngjering velkomen, sidan den ville tvinge Sekkingstad og andre til å betale norsk tariffløn?

— Allmenngjering er eit ganske kraftfult verkemiddel. Det vi er opptatt av er gode og riktige lønsvilkår. Vi må vere sikker på at ein ikkje stenger for bruken av utanlandsk arbeidskraft, og ein ikkje får tiltak som hindrar fornuftig bruk av arbeidstid. For oss er arbeidstid ein viktig nøkkel.

Til mekling

— Betyr det at de ønskjer å få NNN med på endringar i arbeidstid, for at de skal støtte deira krav om allmenngjering?

— Det er noko vi diskuterte i forhandlingane som er avvist. Men det er ikkje noko høg dramatikk, det var god tone i forhandlingane, seier Ystmark.

Riksmeklingsmannen har enno ikkje sett opp noko tidspunkt for meklinga. Truleg vil det skje i god til før 1. juni. Då har riksmeklingsmannen normalt maksimalt 14 dagar på seg på få til ei løysing, før det eventuelt blir streik.

Publisert
Takk for at du leser BTIkke gå glipp av alle nyheter fra Vestlandets største avis.
Bli abonnent
BT anbefaler

Fastlegekrisa i Bergen har aldri vore større: – Eg blei låst i eitt år i stillinga etter at eg sa opp

Med 24 ledige stillingar er fastlegekrisa i Bergen større enn nokosinne.

LES SAKEN

Sakene flest leser nå

  1. Dette må du vite om busstreiken

  2. «Vanligvis er dette oppførsel jeg ville irritert meg over, men nå er det nesten rørende»

  3. 139 nye koronatilfeller siste døgn

  4. Gulen: Fant person i sjøen etter tre timers leting

  5. Da Monicas tante døde av covid-19, skjønte hun at det var alvor. – Vi har nesten ikke hatt noen inne hos oss siden mars

  6. Bil sto i full fyr i Eidsvåg