Podkast: – Vi skal dømmast av likemenn, men berre om elitejuristane likar resultatet.

Derfor har saka mot politimann Eirik Jensen blitt så rotete.

Publisert Publisert

I STUDIO: Professor i rettsvitenskap, Eivind Kolflaath, programleiar Ingvild Nave og BT-kommentator Eirin Eikefjord. Foto: Vegar Valde

  • Ingvild Nave
iconDenne artikkelen er over ett år gammel

Rettssaka mot politimannen Eirik Jensen er blitt eit ekte rettsdrama.

Juryen, som skal representere folket, ville dømme han for korrupsjon, men frikjenne han for smugling av fleire tonn med hasj.

Men det var fagdommarane heilt ueinig i.

Dei kasta juryen til side, og ignorerte deira dom. Derfor blir det endå ei runde i den lange rettsdansen til Jensen.

– Prinsippet er at vi skal dømmast av likemenn, men berre om elitejuristane likar resultatet, seier BT-kommentator, Eirin Eikefjord.

I dagens episode snakkar vi med jurist og kommentator i BT Eirin Eikefjord, og professor i rettsvitskap Eivind Kolflaath ved UiB, om kvifor Jensen-saka er blitt så kaotisk.

Abonner på podkast-serien via iTunes, på Spotify eller søk den opp i din podkast-app.

Produsent er Henrik Svanevik.

I RETTEN: Tidlegare stjernepoliti Eirik Jensen er sikta for å hjelpt narkobaron Gjermund Cappelen å smugle fleire tonn hasj over grensa. Han skal også ha motteke gåver og pengar for å hjelpe Cappelen. Foto: Åserud, Lise / NTB scanpix

Publisert

BT20

  1. INNENRIKS

    – Varsellampene har vært ekstremt mange. Noen må gå.

  2. LOKALT

    – Han provoserer bevisst folk på ytterste kjøttfløy

  3. LOKALT

    Noen av valgets største tapere dannet nytt byråd. Hvordan kunne det skje?

  4. LOKALT

    – Det er så riv, ruskande gale. Og potensielt livsfarleg.

  5. LOKALT

    Forvirret om Bybanen til Åsane? Hør BT20.

  6. LOKALT

    Dette vil Søviknes få på plass før han gir seg

Takk for at du leser BTIkke gå glipp av alle nyheter fra Vestlandets største avis.
Bli abonnent
  1. BT20
  2. Krim
  3. Eirik Jensen
  4. Podkast
  5. Korrupsjon