Rettssaka mot politimannen Eirik Jensen er blitt eit ekte rettsdrama.

Juryen, som skal representere folket, ville dømme han for korrupsjon, men frikjenne han for smugling av fleire tonn med hasj.

Men det var fagdommarane heilt ueinig i.

Dei kasta juryen til side, og ignorerte deira dom. Derfor blir det endå ei runde i den lange rettsdansen til Jensen.

– Prinsippet er at vi skal dømmast av likemenn, men berre om elitejuristane likar resultatet, seier BT-kommentator, Eirin Eikefjord.

I dagens episode snakkar vi med jurist og kommentator i BT Eirin Eikefjord, og professor i rettsvitskap Eivind Kolflaath ved UiB, om kvifor Jensen-saka er blitt så kaotisk.

Abonner på podkast-serien via iTunes, på Spotify eller søk den opp i din podkast-app.

Produsent er Henrik Svanevik.

I RETTEN: Tidlegare stjernepoliti Eirik Jensen er sikta for å hjelpt narkobaron Gjermund Cappelen å smugle fleire tonn hasj over grensa. Han skal også ha motteke gåver og pengar for å hjelpe Cappelen.
Åserud, Lise / NTB scanpix