På tokt med krigarane som ingen ser

Forsvaret skal snart kjøpe tidenes dyraste norske fartøy. BT var med på ubåtkrig og torpedoskyting på 150 meters djup.

Publisert Publisert
  • Eystein Røssum
iconDenne artikkelen er over ett år gammel

Ei alarmklokke går av inne i KNM «Utsira». To trøytte blåkledde kryp ut av køyene sine og forsvinn bakover.

Ute i Korsfjorden er det kveldssol og blikstille sjø. Her inne finst ikkje dagslys. Skipssjef Martin Trones har gitt ordren «lås opp fartøy for dykking».

Alt er snart klart for å sleppe vatnet inn i dei luftfylte ballasttankane som enn så lenge held oss flytande, rett innanfor Bakkasundbrua. Alle må innta plassane sine, ingen får sova.

Midt i båten lyser skjermar opp konsentrerte andlet.

Løytnant og nestkommanderande Odd Martin Hals står breibeint i sandalar ved sida av periskopet.

– Vi har 245 bar på gruppene! Det er 364 meter under kjøl!

Frå bak i maskinen summar det svakt, korte kryptiske beskjedar går fram og tilbake. Berre løytnant Hals snakkar høgt.

– Barometeret er stilt og vi er klar til å dykke!

Så ordren:

– Vi dykkar! Vi dykkar! Vi dykkar!

Dørken under føtene hellar på seg, først svakt, så kraftig. Dei raude tala på djubdemålaren tikkar jamt oppover: 10, 12, 15, 20, 35, 40.

HØGTEKNOLOGI: Ein moderne ubåt er pakka med skjermar, sensorar og anna teknologi. Operasjonsoffiser Magnus Hope følgjer med på kartet. Foto: Fred Ivar Utsi Klemetsen

Les også

Forsvaret avviser at tysk ubåt gikk på grunn utenfor Haakonsvern

60 meter lang stålsylinder

Vi er på veg ned i djupet. 26 menn og kvinner, pressa saman i ein 60 meter lang stålsylinder hardstappa med teknologi: Heilt bak den svære elektromotoren som driv propellen, foran der to 12-sylindra dieselmotorar som driv kvar sin generator. Så elektrodørken der alt av pumper og framdriftssystem blir styrt. Så rommet med kartmaskiner, periskop, sonarskjermar og konsollar – berre omtalt som Sentral på ubåt-språket.

Foran der byssa, dei to ørsmå toaletta, dei to små messene, og foran der igjen sovekvarteret – sju køyer i kvar lugar.

Og under føtene våre: Torpedoar og over 100 tonn med batteri.

SJEFEN: Oliver Berdal er sjef for den norske ubåttenesta, og har ansvaret for dei ubåtane av Ula-klassen. Foto: Fred Ivar Utsi Klemetsen

Les også

Taper terreng mot russiske ubåtar

– Happy!

Veggane gir frå seg små knepp. Det er trykket frå vatnet som pressar på skroget. Små dropar med kondens dryp frå røra over oss.

Djubdemålaren stansar på 150 meter.

Ein ordre blir gitt, alle knipsar raskt med fingrane. Løytnant Hals ropar ut:

– Happy! Hals er vaktsjef!

INGEN TREDEMØLLER: Det er trangt på ubåt. Elektrikar og spesialist Mats Stenseth tek ei treningsøkt. Foto: Fred Ivar Utsi Klemetsen

Neddykkinga er unnagjort, skipssjef Trones har overlate styringa av ubåten til nestkommanderande.

– Han kvitterer for at han har tatt over, så alle høyrer. Han er nøgd. Happy. Knipsinga er eit ritual vi har, seier skipssjef Trones.

SENTRAL: Midt i skipet ligg hjartet i ubåten, med dei to periskopa, sonarar og kartmaskiner. Skipssjef Martin Trones følgjer med i periskopet. Foto: Fred Ivar Utsi Klemetsen

10 milliardar pr. ubåt

Den norske ubåttenesta er ikkje stor, og mindre skal ho bli: Dagens seks ubåtar i Ula-klassen skal i løpet av dei neste tiåra bytast ut med fire nye tyske ubåtar av typen 212.

Kostnadsramma er sett til svimlande 41 milliardar kroner. Dei fire ubåtane blir dei dyraste farkostane Forsvaret nokon gong har skaffa seg.

Med om bord i kveld er også sjefen for det norske ubåt-våpenet, kommandør Oliver Berdal. Han var sjølv sjef på denne ubåten frå 2004 til 2006.

– Ubåtar er noko av det mest avanserte menneska har laga: Ein stålsylinder der folk skal leve i månadsvis under vatn, med fleire hundre tonn batteri og våpen, som skal vere heilt lydlaus, slik at ingen kan oppdage han. Ja, det er dyrt, seier Berdal.

Les også

De leter etter forsvunne fly, krigsvrak og skatter i dypet

BYSSA: Henrik Lilletvedt er kokk om bord. – Vi har ikkje så mykje velferdstilbud her. Der er maten det viktigaste. Vi brukar berre restaurantkokkar, seier ubåtsjef Martin Trones. Foto: Fred Ivar Utsi Klemetsen

Blir heilt lydlause

KNM Utsira er 27 år gammal, og den nyaste av dei seks norske ubåtane. Dei skal brukast i minst sju år til. Då blir den første av dei nye tyske ubåtane levert, om at alt går etter planen.

Dei nye blir nesten dobbelt så store som dagens. Den største tekniske forskjellen er at dei blir utstyrt med brenselceller som går på hydrogen. Cellene produserer straum, og gjer at ubåtane kan gå neddykka i fleire veker, i praksis utan å gi frå seg lyd.

Dagens norske ubåtar må ha tilgang til luft via snorkel for å køyre dieselmotorane, kvar gong batteria skal ladast.

Også i dag er dei rutinemessig på oppdrag der mannskapet ikkje ser dagslys på fleire veker. Men dei kan ikkje vere stille heile tida.

– Dei nye blir ein gamechanger. Noreg vil kunne sende ubåtane kvar vi måtte ønskje, og dei kan gå dit heilt lydlaust. Ingen vil vite kvar vi er, seier Berdal.

NATTOKT: Dei siste to vekene har norske KNM «Utsira» øvd på ubåtkrig i Nordsjøen. Foto: Fred Ivar Utsi Klemetsen

Halvanna tonns torpedo

Dei siste to vekene har KNM «Utsira» øvd saman med den tyske ubåten U-36, som er ein tidlegare versjon av typen Noreg skal skaffe seg. Hovudoppgåva har vore å øve seg på skyte torpedoar, både mot skip og mot kvarandre. I kveld er målet fregatten KNM «Roald Amundsen».

Krigsskipet er synleg som ein raud ring på ein av skjermane. Vi ligg ute i havet rett vest av Marsteinen, 43 meter under overflata. Fregatten er 20 kilometer unna oss. Løytnant Hals styrer angrepet.

– Midtskips! Skyt salve 23!

KONSENTRASJON: Nestkommanderande Odd Martin Hals overvakar neddykkinga med KNM «Utsira». Foto: Fred Ivar Utsi Klemetsen

Ein vislelyd fortel at den halvanna tonn tunge torpedoen er veg mot målet. Han blir driven av ein propell, og lar seg styre med ein tråd. I øvingstorpedoen er sprengstoffet bytta ut med sensorar og datamaskiner som registrerer alt som skjer. I krig er målet å treffe rett under kjølen, der torpedoen skal detonere og knekke skipet i to.

Det tek fleire minutt før den grøne streken som markerer torpedoen har nådd målet.

– Ja da, vi trefte, seier sjef Trones.

Etter forliset med KNM «Helge Ingstad» har dei fleste fått med seg at tapet av ein fregatt ikkje blir tatt lett på. For ubåtane er evna til å gjere stor skade frå det skjulte – og den avskrekkande effekten dette har på ein fiende – det heilt sentrale poenget.

– Her er vi berre nokre og tjue om bord, i eit ganske lite fartøy. Men vi har våpen nok til å ta ut 14 slike store krigsskip. Slagkrafta til ein ubåt er heilt enorm, seier kommandør Berdal.

Publisert

Les mer om dette temaet

  1. Regjeringen med u-sving om ubåt

  1. KNM «Helge Ingstad»
  2. Roald Amundsen
  3. Utsira
  4. Marsteinen
  5. Nordsjøen