Framleis raud styrke i KrF

Sju av KrFs elleve fylkestoppkandidatar stod på raud side i fjor haust. Også på landsmøtet har dei raude forsvart posisjonen sin i partiet.

Publisert Publisert

ALLE MED: Partileiar Kjell Ingolf Ropstad la bak forgjengar Knut Arild Hareide også i sekkeløpet i Stavanger laurdag ettermiddag. Men den raude sida i partiet er ikkje ute. Foto: Carina Johansen / NTB Scanpix

  • Eystein Røssum
  • Kjetil Gillesvik
  • Lasse Lambrechts
iconDenne artikkelen er over ett år gammel

KrF-landsmøtet har ikkje vore prega av at partiet vil feire regjeringsprosjektet dei nå er ein del av.

Fungerande partileiar og statsråd Olaug Bollestad nemnde knapt regjeringsdeltakinga i sin tale fredag. Heller ikkje i debattane har mange delegatar brukt tid på regjeringsprosjektet.

Les også

Krav om innsats for alle IS-barna

Minte om å legge ting bak seg

– De må hugse å feire sigrane òg, da, formante statsminister Erna Solberg, då ho laurdag ettermiddag talte til landsmøtet. Ho minte KrF på gjennomslaget partiet har hatt blant anna i skulepolitikken.

Statsministeren gav også eit råd om korleis partiet skal kome seg vidare etter eit vanskeleg år, med eit splittande retningsval.

– Min best utvikla eigenskap er evna til å legge ting bak meg og sjå vidare, sa Solberg, og takka både den avgåtte partileiaren Knut Arild Hareide og nyvald partileiar Kjell Ingolf Ropstad.

Les også

Mission: Possible

Dei som hadde venta at partiet ville oppleve eit markant høgredreiing etter retningsvalet, med fleire frå den blå sida i sentrale posisjonar, ser ikkje ut til å ha fått rett.

FORSONING: – Begge sider har strekt seg langt, seier Trude Brosvik, som støtta Knut Arild Hareide i fjor. Foto: Carina Johansen / NTB scanpix

– Flest raude blant dei aktive

Ein gjennomgang av KrF-listene før fylkestingsvalet til hausten, viser at fleirtalet av dei elleve listetoppane støtta dåverande partileiar Knut Arild Hareide.

Sju av dei elleve ville ta partiet inn i eit samarbeid med Ap og Sp. Ein av desse var Trude Brosvik, som er KrFs fylkesordførarkandidat i det nye Vestland fylke.

– Når fleirtalet av oss listetoppane var på raud side, viser vel det mest at støtta til Knut Arild Hareides linje var større blant dei aktive tillitsvalde enn i partiet totalt, seier Brosvik.

– Det er ikkje slik at dei som vann har vald å gi taparane ekstra plass, for å unngå enda djupare splitting?

– Det er ein vakker tanke, men eg trur ikkje det. Begge sider har strekt seg langt for at vi skal greie å gå vidare som eit samla lag, seier Brosvik.

Les også

Krisemåling for KrF

Likt også i landsmøtesalen

Heller ikkje blant delegatane på partiets landsmøte ser det ut til at venstresidas nederlag i fjor har ført til avskaling på den fløya.

190 delegatar møtte med stemmerett på det avgjerande landsmøtet i fjor haust.

Av desse var 84 ikkje med på landsmøtet nå i helga. Ein gjennomgang av kva fløy desse 84 tilhøyrde i fjor, viser at dei var temmeleg likt fordelt: 43 ønskte å følgje Hareides råd, medan 40 støtta Kjell Ingolf Ropstad i å gå inn i Solberg-regjeringa. Den siste stemde blankt.

Det er altså ikkje slik at mange fleire raude enn blå delegatar hadde falle frå sidan sist.

Les også

Ropstad valgt som ny KrF-leder

– Var rett å ikkje feire

Tor André Ljosland, nummer to på Vestland-lista, stod på den sigrande sida i fjor, og var også med i helga.

– Desse tala er mest eit bilete på at vi har hatt ei normalisering i partiet. Det er geografi, kjønn og personlege eigenskapar som har vore avgjerande i nominasjonane, seier Ljosland.

– Det har ikkje vore mykje feiring av regjeringsprosjektet her i helga?

– Etter landsmøtet i fjor haust var det rett å følgje oppmodinga om ikkje å feire, fordi det var vanskeleg for den andre sida. Samtidig er det ikkje lett å skape begeistring utan å kunne juble. Det har vi kjent på. Men folk her er stolte av statsrådane våre, og støttar opp om regjeringsprosjektet, seier Ljosland.

Fekk ikkje utskifting i sentralstyret

Det var laurdag spenning knytt til om Møre og Romsdal ville lykkast i å få vald den «blå» fylkesleiaren Randi W. Frisvoll inn i sentralstyret. Ho ville i så fall dytta ut den markante «raude» Karin Bjørkhaug frå Trøndelag.

Det forsøket lykkast ikkje: Bjørkhaug fekk stort fleirtal i voteringa.

– Eg er glad for at Bjørkhaug fekk eit så stort tillitsvotum, seier stortingsrepresentant Geir Jørgen Bekkevold.

Han var ein av dei mest aktive på Knut Arild Hareides side i fjor, og har sagt at han ikkje vil søkje attval til Stortinget om to år, fordi han ikkje vil drive valkamp for Solberg-regjeringa.

– Sjølv er eg grunnleggande usamd i valet som vart tatt. Og ein del går nok framleis og tenkjer på det som hende i fjor. Men det er bra at det ikkje er fargekoden som avgjer om folk held fram med å arbeide for KrF-politikk, seier Bekkevold.

Publisert

Les mer om dette temaet

  1. Gråtkvalt Bollestad forsvarte regjeringens holdning til barn av IS-krigere

  2. Kraftige reaksjoner på at Solberg vil hente hjem foreldreløse barn

  3. KrF-innstilling: Ropstad får med seg Bollestad og Noresjø i partiledelsen

  1. Olaug Bollestad
  2. Erna Solberg
  3. Knut Arild Hareide
  4. Solberg-regjeringen
  5. Regjeringen