• KOMMUNEFOTOGRAFEN: Farshid Amini har bakgrunn som filmarbeidar i heimlandet, og no lagar han filmar for Fjell kommune. 29-åringen er ein av ti flyktningar som droppa introduksjonsprogrammet og gjekk rett i jobb.

Rådmann: – Hent flyktningane på Flesland og send dei på jobb neste dag

Fjell kommune har oppretta ein «fast track» til integrering. Flyktningar går på jobb i staden for innføringskurs. – Norsk integreringspolitikk er på feil spor, meiner rådmann Steinar Nesse.