200.000 har farleg lungesjukdom

Ein snikande lungesjukdom tek livet av stadig fleire. Kring 1700 nordmenn døyr årleg av KOLS, viser ny forsking frå Bergen. 200.000 menneske lir av sjukdomen, men berre halvparten er klar over det sjølve. Årsaka er for liten kunnskap i Norge.