Vestlandet nyteiknar noregskartet

Den økonomiske, kulturelle og politiske makta i Noreg er meir sentralisert enn i noko anna land i Europa. Den økonomiske politikken vert styrt av ein teoretisk elite med sete i Finansdepartementet, skriv Georg Arnestad, fou-leiar og kulturforskar ved Høgskulen i Sogn og Fjordane og ein av dei fire forfattarane av den nye Vestlandsmanifestet, som vart lagt fram på vestlandskonferansen til Sparebanken Vest sist måndag.