Slankare på resept

Ei ny pille kan hjelpe nordmenn med helseskadeleg overvekt til eit slankare liv.

  • Kjersti Mjør
Publisert Publisert
icon
Denne artikkelen er over 18 år gammel

Så langt har over 100.000 nordmenn slanka seg ved hjelp av legemidlar. Det aller nyaste tilskotet på slankemarknaden er Reductil, som er godkjent av Statens legemiddelverk og no til sals på norske apotek mot resept.

— Dette kan vere eit nyttig hjelpemiddel, når det er risiko for helseplager i samband med overvekt, seier overlege ved Ullevål universitetssykehus og leiar for Senter for fedmeforsking, Serena Tonstad, til BT.

Gjekk ned elleve kilo i snitt

Reductil er det første legemiddelet mot fedme som verkar sentralt på apetittsenteret i hjernen, heiter det i ei pressemelding frå Abbott Norge

Ei studie, som er publisert i det medisinske tidsskriftet The Lancet, viste at pasientane gjekk ned vel elleve kilo i snitt etter seks månadars behandling, i kombinasjon med diett og mosjon.

Men dette er ikkje vidunderkuren for folk flest som ønskjer å kvitte seg med eit par kilo. Generelt er legemidlar mot fedme på resept anbefalt for folk som har ein kroppsmasseindex på 30 eller meir.

Det inneber at ein mann på 180 cm må vege 99 kilo før han er så overvektig at alarmen går, mens ei kvinne på 170 cm må vege 88 kilo

— Pasientane må få grundig legesjekk først, og nøye oppfølging undervegs, seier Tonstad.

400.000 med overvekt

— Kan slike pillar vere eit alternativ til fedmeoperasjonar?

— Nei. Operasjon er heilt nødvendig for sjukleg overvektige. Medikamentell behandling gjev ikkje same resultat.

400.000 norske menn og kvinner slit med alvorleg overvekt, og vekta til Ola og Kari Nordmann har auka jamnt og trutt sidan 60-talet.

Gjennomsnittsvekta til kvinnene har gått opp med kring fire kilo i denne perioden, til 69,5 kilo. Mens gjennomsnittsnordmannen no veg 86 kilo.

Publisert
Takk for at du leser BTIkke gå glipp av alle nyheter fra Vestlandets største avis.
Bli abonnent
BT anbefaler

– Folk vil se at dette blir et smykke for hele byen

Vi trasker langs sporet til Bybanens linje 2 fra Bystasjonen til Møllendal.

LES SAKEN

Mest lest akkurat nå

  1. – Noen kunder er så ufine at man blir sittende i sjokk

  2. Tesla målt to ganger til 221 km/t – ny vending i rettssaken i dag

  3. Advarer mot «superspredere»

  4. Branns Rasmussen anklager treneren

  5. Fra sinne til jubel: – Dette gjør at vi slipper å stenge dørene for godt

  6. «De første minuttene knirket det så fælt i sammen­føyningene at HP ba om unnskyldning»