Her får alle vaksine

I Modalen får kvar einaste innbyggjar vaksine mot svineinfluensa.

SIKRA: Modalen sine 350 innbyggjarar får alle tilbod om vaksine mot svineinfluensa. ARKIVFOTO: Rune Berentsen
Publisert Publisert
icon
Denne artikkelen er over 12 år gammel

Det løner seg å vera liten når vaksinar skal fordelast.

I dag gjekk Bergen kommune tom for vaksine mot svineinfluensa. Framleis er det mange i risikogruppene som ikkje har fått vaksine i dei store kommunane i Hordaland.

Les også

- Glad jeg slapp å lyve

Delar med naboane

I Modalen, derimot, har dei fått nok vaksinar til alle innbyggjarane. Det er til og med nok vaksinar til at dei kan dele med naboane i indre delar av Vaksdal.

— Eg har tatt vaksinen i dag, førebels utan biverknader, seier ordførar Knut Moe.

Frå før nyt innbyggjarane i Modalen godt av kraftinntektene. Men kommunalsjef Oddvin Neset seier det ikkje er pengar som har skaffa Modalen alle vaksinane dei treng.

- Beklageleg

  • Det er så enkelt som at Folkehelseinstituttet ikkje sender ut mindre enn 500 vaksinar i kvar pakke. Og i Modalen bur det 350, seier Neset.

Modalingane får vaksine i dag og i morgon.

Ordføraren er glad for at sambygdingane er sikra vaksine.

— Men det er beklageleg at det ikkje er likt for alle, seier han.

Sjå kor mange vaksinar kommunen din har fått!

Kva synest du om vaksinehandteringa? Sei di meining!

Publisert

Les mer om dette temaet