Både Ap og Sp la onsdag fram forslag i Stortinget der dei krev at hemmeleghaldet rundt legemiddelprisar blir kraftig redusert.

Under helseminister Bent Høies (H) styre har innsynet i kva fellesskapet faktisk betaler for medisinar blitt kraftig innskrenka. Framforhandla prisar på såkalla superdyre medisinar blir haldne hemmelege. Det same gjeld prisane som helseføretaka betaler etter anbodsrundar. Også prisar på enkelte medisinar på blå resept kan nå unntas frå innsyn.

KrFs helsepolitiske talskvinne Olaug Bollestad, som også leiar helse- og omsorgskomiteen, sa tysdag at KrF vil vurdere å støtte Ap-forslaget – som i så fall vil ha fleirtal i Stortinget.

– Vil ikkje avvise diskusjonen

Nå stiller heller ikkje Høgres helsepolitiske talsmann Sveinung Stensland seg heilt negativ til Ap-framlegget. Det slår blant anna fast at «enhetspriser på legemidler som gis i norske sykehus som hovedregel skal være offentlige».

– Også vi ønskjer mest mogeleg openheit. Og til forskjell frå Sps forslag, utelukkar ikkje Ap at det kan vere nødvendig å gjere enkelte unntak frå hovudregelen, seier Stensland.

– Betyr det at det kan vere aktuelt å støtte Ap-framlegget også for Høgre?

– Eg skal ikkje avvise diskusjonen. Vi skal handsame dette forslaget grundig.

– Rom for opprydding

– Ap vil også ha slutt på at helseføretaka held hemmeleg prisane etter anbodsrundar. Her har jo helseministeren ikkje ønskt å instruere helseføretaka om å endre linje?

– Eg meiner i utgangspunktet at helseføretaka bør få lov til å ta desse vurderingane sjølve. Men vi bør gi gode og fornuftige signal, og det kan heilt sikkert vere rom for opprydding, seier Stensland.

Ei rekkje høyringsinstansar, inkludert Justisdepartementet, har stilt seg kritiske til lovtolkinga som ligg til grunn for hemmeleghaldet.

Viser til hepatitt C

Stensland har sjølv bakgrunn som farmasøyt, og er overtydd om at Noreg slepp mykje rimelegare unna ved å godta legemiddelindustriens krav om hemmeleghald av framforhandla prisar.

– Det er eit faktum at industrien ikkje ønskjer at gode rabattar, gitt i ein liten marknad som Noreg, skal bli kjent for alle andre land. Eitt eksempel er den nye behandlinga av hepatitt C, der vi har fått veldig gode rabattar. For fire år sidan vart det rekna ut at medisinane ville koste oss mellom fem og ti milliardar kroner. Så har vi forhandla. I statsbudsjettet nå blir det sett av ca. 400 millionar kroner til alle desse pasientane. Eg er heilt sikker på at vi ikkje ville fått slike rabattar med krav om openheit, seier Stensland.

Helseminister Bent Høie (H) forsvarte i trontaledebatten hemmeleghaldet slik det blir praktisert. Kjersti Toppe (Sp) viste til sommarens BT-reportasjer om konsekvensane av hemmeleghald, og ville vite om statsråden nå er villig til å endre kurs.

– Vi skal følgje Offentleglova, men også konkurranselovgjevinga og dei pliktene vi har etter EØS-avtalen, sa Høie.

Han ville ikkje støtte openheit for ein kvar pris, og viste til den ekstremt dyre muskelmedisinen Spinraza.

– Det ville ikkje vore mogleg å ta i bruk Spinraza for barn i Noreg, dersom vi ikkje hadde akseptert legemiddelselskapets krav om å halde rabatten vi fekk hemmeleg. Den prisen er ikkje eg villig til å betale. Om Sp er det, så får dei stå for det, sa Høie.

Prinsipprytteri frå Toppe

Aps og Sps framlegg går til helse- og omsorgskomiteen for drøfting og forhandlingar, før Stortinget gjer eit vedtak.

Stensland er oppgitt over Sps krav om at absolutt alle legemiddelprisar skal offentleggjerast – inkludert dei superdyre medisinane til små pasientgrupper, som muskelmedisinen Spinraza.

– Sp og Kjersti Toppe driv prinsipprytteri og flisespikkeri, utan å bry seg om kva dette vil koste fellesskapet. Eg er glad Ap og KrF ikkje er med på det.

– Men finst det dokumentasjon på at openheit gir høgare prisar?

– Eg veit at det er slik. For oss er det viktigaste at alle får medisinane dei treng, og så rimeleg som råd, seier Stensland.