Vil flytta frå Voss

Dataeventyret på Voss kan vera over. Styret for Nordisk Språkteknologi AS vil flytta verksemda til København og Bergen. Men ordførar Bjørn Christensen gir ikkje opp. Han møter statsråd Grete Knudsen tysdag. Lokale aksjonærar lovar styret kamp når generalforsamlinga tek avgjerd torsdag.