Vi drikk Olden som aldri før

700 trailerlass med krystallklart brevatn gjekk ut frå tapperiet i Oldedalen i fjor. Det viser omsetningstala til suksessbedrifta i Indre Nordfjord. I fjor auka produksjonen med over 15 prosent, samanlikna med det tidlegare rekordåret 1999.