Endringa vart bestemt av regjeringa fredag, og trer i kraft frå 1. september. Den nye såkalla beredskapsinstruksen fastset nye reglar for samarbeidet mellom politiet og Forsvaret i krisesituasjonar. Målet er at felles innsats skal kunne skje raskare enn i dag.

Endringane blir særleg store til sjøs: Ved maritime operasjonar vil det vere Forsvaret som får ansvaret for å leie og gjennomføre aksjonane, dersom politiet ber om hjelp.

– Så snart forespørselen frå politimeisteren er gitt, og Forsvaret har sagt at dei kan stille, vil det vere ein 100 prosent militær operasjon, seier stortingsrepresentant Peter Chr. Frølich (H), som har arbeidd mykje med desse spørsmåla, både som politikar og jurist.

På land vil det framleis vere politiet som har ansvaret for å leie operasjonane.

Langvarige samarbeidsproblem

Spørsmålet om når Forsvaret skal kunne setjast inn i fredstid, kva slags makt dei skal få bruke, og kven som skal den reelle styringa over krise-operasjonar, har i mange år vore omstridd.

Etter 22. juli-terroren fekk politiet kritikk for å ha vore seine med å be Forsvaret om hjelp.

Øvingar har gjentatte gonger vist store manglar i evnen til praktisk samarbeid mellom politiet og Forsvaret.

– Eg trur problema blant anna har botna i dårleg og uklart regelverk. Dagen i dag er ein milepæl i arbeidet med å rydde til sides gammal skepsis mellom etatane, seier Frølich.

– Ekstremt sjeldan

Forsvarsminister Ine Eriksen Søreide (H) sa ved framlegginga fredag at det er Forsvaret som har kapasitet og ressurar til å gjennomføre slike aksjonar til sjøs.

– Heldigvis er maritim kontraterror noko som hender ekstremt sjeldan. Når det først oppstår, er det veldig viktig at Forsvaret kan leie operasjonen, fordi det er så komplekst, med noko av det skarpaste Forsvaret har, sa Søreide.

Ho gjorde det klart at det alltid vil vere politiet som ber om hjelp dersom Forsvaret skal setjast inn.

Utval var splitta

Ansvarsfordelinga ved terror til sjøs, og særleg knytta til oljeinstallasjonane, har vore omstridd. Det regjeringsoppnemnde utvalet som først fekk jobben med å utabreide framlegg til ny instruks, Røksund-utvalet, greidde ikkje å bli samde.

Fleirtalet meinte oljeinstallasjonane er så viktige, og slike innsatsar så krevjande, at Forsvaret på eiga hand skulle få kunne ta initiativet til antiterroraksjonar til sjøs.

Slik blir det ikkje. Med fredagens nye instruks er det klart at politets representantar, som utgjorde mindretalet i utvalet, har vunne fram med sitt syn: Politiet må først be om hjelp.

Treng ikkje spørje regjeringa

Etter det gamle regelverket måtte innsats frå Forsvaret i fredstid først godkjennast på regjeringsnivå.

Nå får politimeistrane fullmakt til å be om hjelp, og det er Forsvarets operative hovudkvarter (FOH) som skal ta stilling til forespørselen.

Politisk leiing og departementet skal straks varslast, og dei kan når som helst stanse operasjonen, men treng altså ikkje gje grønt lys først.

– Det gamle systemet var håplaust, og kunne føre til at det tok timar å få dei nødvendige avklaringane. Med den nye instruksen får Noreg, og særleg Vestlandet, dramatisk betra beredskap nærast over natta, seier Frølich (H).

– Utvida for Marinejegerkommandoen

For Marinejegerkommandoen (MJK) på Haakonsvern betyr nyordninga større oppgåver.

– MJK får eit utvida ansvarsområde når det gjeld terror til havs. Det er heilt klart, seier Frølich.

MJK har sidan 2013, saman med Forsvarets spesialkommando (FSK), hatt eit særskilt nasjonalt beredskapsansvar mot terror.

Med base i Bergen og på Ramsund i Nord-Noreg er elitestyrken, som berre består av yrkessoldatar, spesielt innretta og trent for innsats til sjøs.