Ein rask jugend-visitt

Behovet for ein heilt ny arkitektur var påtrengjande kring år 1900. Arkitektane hadde fått nok av stilforvirringa på slutten av 1800-talet. Dei var leie av hus som herma etter eldre stilartar. Dermed blei jugendstilen til.