Anekdoteskaparen

Det var på 1960-talet, i dei dagane Venstres Bent Røiseland var eit markant namn på Stortinget. Ein dag var unge Einar Førde innom parlamentet, og kom til å helsa på venstreveteranen. «Einar Førde», sa Røiseland, «ja deg har eg høyrt om». «Jaså, du følgjer såpass med», repliserte den freidige sogningen.