Ingen andre fylke er meir utsett for naturskadar og klimaendringar enn Hordaland.

Og verre skal det bli, ifølgje forskarane.

Klimaendringane vil føre til endå meir nedbør, som igjen ofte står bak ras, flaum og skred.

Førre veke fekk vi nok ein smakebit på kva vi kan vente oss.

Etter kraftig nedbør bresta den mellombelse demningen i Munkebotnsvatnet. Over 100 personar blei evakuert, og E39 stengt i frykt for konsekvensane.

Korleis skal vi bu oss på klimaendringane?

Abonner på podkast-serien via iTunes, på Soundcloud eller søk den opp i din podkast-app.

Produsent er Henrik Svanevik. Gjester i episoden er BT-journalistane Eivind Fondenes og Atle Andersson.