Storflom på Voss: Vangsvatnet stig med 10 cm i timen

Vangsvatnet steig så raskt at campingvogneigar Øyvind Kårbø fekk det veldig travelt. Sundag kveld stig vatnet framleis.

DØGNSKIFT: Sidan laurdag kveld har Øyvind Kårbø hatt hendene fulle med å evakuere si eiga og kring tretti andre campingvogner fra Voss camping. RUNE SÆVIG

Laurdag kveld vart det litt for spennande å ha campingvogn på Voss camping, som ligg ved Vangsvatnets breidder.

Minutt for minutt følgde ein gjeng campingvogneigarar med på vatnet, som steig med 20 cm i timen.

Ved 22-tida fekk dei det plutseleg travelt.

– Vi såg at dette ikkje gjekk lengre. Etter ei kort rådslaging heiv vi oss rundt og tok til å evakuere campingvognene, fortel Øyvind Kårbo.

Klar til å rykke ut igjen

Først flytta han si eiga vogn. Så tok han til å flytta andre sine. Både laurdagsnatta og sundagsmorgonen gjekk med. Då BT snakka med Kårbø sundag føremiddag, var han temmeleg sliten.

– Vi har gjort alt som står i vår makt for å redde ut verdiar. Vi har jobba i heile natt, køyrt ut kring 30 campingvogner og flytta på isocampar med tunge telt i metall. Jammen fekk vi det travelt på slutten!

KJEMPAR MOT VATNET: Under 200-årsflaumen på Voss i 2014 mista Øyvind Kårbø ei campingvogn. Det skal ikkje skje igjen. RUNE SÆVIG

Det står endå nokre vogner igjen. Kårbø og dei andre redningsmennene følgjer nøye med på om det blir nødvendig å evakuere dei, også.

– Vi er klare til å rykke ut, seier han.

Det kan fort bli nødvendig.

Hald fram å vekse

Voss kommune sende ut fylgjande oppdatering sundag kveld:

«Vangsvatnet stig framleis med over 10 cm i timen. Det er venta at dette vil halda fram utover kvelden og natta. Utviklinga vil også vera avhengig av kor mykje nedbør som kjem, og kvar denne nedbøren kjem».

Ordførar Hans-Erik Ringkjøb skriv at den kommunale kriseleiinga har hatt møte, er orientert om situasjonen.

«Det er identifisert nokre kritiske punkt: E16 ved Vangstunnelen, jernbanen ved Bolstadøyri og brua frå E16 til Evanger sentrum. Voss kommune gjer også førebyggjande tiltak i Voss kulturhus, Voss tinghus og ved vassbehandlingsanlegget» skriv Ringkjøb.

NEDBØR: Meir nedbør i vente på Vestlandet. Farevarslet er på gult nivå. @Meteorologene

Noregs vassdrags- og energidirektorat har sendt ut oransje varsel om jord- og skredfare i Hordaland og Sogn og Fjordane. Fargen betyr at det kan oppstå utfordrande situasjonar som flaum og erosjonsskadar på utsette stader.

Øydelagt campingvogn

Det er ikkje første gong campingvognene til Øyvind Kårbø frå Knarvik er i fare. Under 200-årsflaumen på Voss i 2014 kom han for seint.

– Eg hadde ikkje sjanse til å redde ut vogna, som tok inn vatn og vart øydelagt, seier Kårbø, som ikkje legg skjul på at han er irritert på Voss kommune.

– Med enkle grep som sand, kunne kommunen forhindre at vatnet kjem inn på denne måten. Voss kommune gjer veldig lite for campingturistane, meiner han.

VATNET STIG: Sundag etter held Vangsvatnet fram med å stige. RUNE SÆVIG

– Det tek til å bli skummelt

Ved 14-tida sundag kom regnet tilbake. Like før var vossaordførar Hans-Erik Ringkjøb på inspeksjon ved Vangsvatnet.

– Det er veldig mykje vatn. Det tek til å bli skummelt, og vi går eit spennande døgn i møte, seier Ringkjøb.

– Ein campingvogneigar meiner at kommunen med enkle grep kunne ha hindra at vatnet kjem inn på plassen på denne måten?

– I så fall er det berre å hive seg rundt og få det på plass, men det har ikkje vore diskutert. Det er krevjande å drive campingplass i eit flaumutsett område, men vi har god dialog med eigaren, som har sett i verk fleire tiltak. Elles er det viktig at folk tek ansvar for eigne ting slik vêret er no.

Klokken 15 søndag sto NVE sin målar på Bulken 4,97 meter over nullpunktet. Det er langt over nivået for tiårsflaum.