For åtte år sidan bestemte Bergen seg for å bli ein sykkelby. Kva skjedde?

Bergen er ein av dei dårlegaste sykkelbyane i landet. Høyr kvifor i vekas episode av BT20.

Byen er framleis milevis unna å oppnå sykkemåla byen sette seg for åtte år sidan.

Mellom anna skulle andelen syklistar aukast til ti prosent. Det talet ligg framleis på pinlege tre prosent. Akkurat som det gjorde i 2010.

I tillegg har talet på alvorlege sykkelulukker gått opp, kanskje fordi det det manglar tilrettelagde sykkelvegar.

SYKKELBY? Bergen har slitt med å oppfylle sine ambisjonar om å bli ein by for dei syklande. Jannica Luoto

Les også

Han slutta å sykle til jobb etter å ha tatt imot mange alvorleg skadde syklistar

No skal Bergen kommune setje i gong eit nytt lyft for å gjere byen vår til ein «gang- og sykkelby». Vil dei lukkast betre denne gongen?

Abonner på podkast-serien via iTunes, på Soundcloud eller søk den opp i din podkast-app.

Gjester i podkasten denne veka er kulturredaktør i BT, Frode Bjerkestrand, og BT-journalist Torunn Aarøy.

Produsent er Henrik Svanevik.