Haukeland bryt lova: – Fryktar alvorlege hendingar

Haukeland oppfyller ikkje krava til pasienttryggleik når pasientar blir flytta til andre avdelingar enn der dei naturleg høyrer heime.

Publisert Publisert

UROA: – Det går dårlegare med pasientar når dei ligg på andre avdelingar enn der dei høyrer heime, seier overlege og tillitsvald Geir Arne Sunde. Foto: Bjørn Erik Larsen

  1. Leserne mener

– Dette er den største risikoen mot pasienttryggleiken akkurat no, seier tillitsvald.

Pasientar får forseinka diagnostisering og behandling, og det er uklart kven som har ansvar for pasienten.

Det er nokre av funna Fylkesmannen i Vestland gjorde då dei undersøkte om Helse Bergen sørgjer for at pasientar som blir flytta til andre avdelingar får oppfølging i tråd med lova.

Praksisen vert kalla utlokalisering, og skjer når det ikkje er plass ved avdelinga pasienten naturleg høyrer heime.

– Alvorleg svikt

Praksisen med utlokalisering inneber ein auka risiko for pasientane, særleg med tanke på tilgang til kvalifisert personell. Difor er krava til tryggingstiltak auka.

– Helse Bergen har etablert rutinar for dette, men dei passar ikkje godt nok på at tiltaka fungerer og at dei er tilstrekkelege. Dette er ein alvorleg svikt i styringa av helseføretaket, seier Anne Grete Robøle ved Fylkesmannen i Vestland.

Det var ho som leia tilsynet.

– Utlokalisering av pasientar er den største risikoen mot pasienttryggleiken på sjukehuset akkurat no. Forsking viser at det går dårlegare med pasientar når dei ligg på andre avdelingar enn der dei høyrer heime. Både sjukelighet og dødstal aukar, seier Geir Arne Sunde, føretakstillitsvalt for Overlegeforeningen i Helse Bergen.

Fryktar alvorlege hendingar

Med denne praksisen kan til dømes ein pasient med blodforgifting og hjernehinnebetennelse bli liggande på hjartemedisinsk avdeling fordi det ikkje er plass på intensivavdelinga.

– Vi fryktar at det skal skje alvorlege hendingar når pasientar ligg på framand post der helsepersonellet ikkje er vant til å følgje opp den pasientgruppa.

Les også

De skal gjere KK til et betre stad å føde barn

Han er særleg uroa for hjarte- og slagpasientar, pasientar med blodforgifting og dei som er operert i magen – som er dei pasientgruppene som ofte blir flytta på. Ettersom sjukehuset blir målt på talet på korridorpasientar, har det blitt meir vanleg å flytte pasientar til andre avdelingar, ifølgje Sunde.

– Vi har kome i denne situasjonen fordi leiinga har redusert talet på sengeplassar i dei kliniske spesialavdelingane. Det er heilt naudsynt å reversere noko av nedbygginga av sengeplassar, særleg på hjartemedisin og gastrokirurgisk avdeling. Vi treng også fleire avdelingar som er ein mellomting mellom sengepost og intensivavdeling, for tidlegare å kunne fange opp pasientar som blir dårlegare, seier overlegen.

MÅ FORBETRE RUTINAR: Clara Gjesdal, viseadministrerande direktør i Helse Bergen, seier dei ikkje har hatt alvorleg hendingar som følgje av flytting av pasientar. Foto: Silje Katrine Robinson

Må forbetre rutinane

Det Fylkesmannen fann på Haukeland, er brot på lova om spesialisthelsetenesta.

– Medisinen blir stadig meir spesialisert. Det er ikkje til kvar tid nok sengeplassar på rett avdeling. Dei som kan få god behandling andre stadar, kan då flyttast. Vi har gode rutinar når vi gjer det, men vi ser at dei kan forbetrast, seier Clara Gjesdal, viseadministrerande direktør i Helse Bergen.

I løpet av dei fire vekene som tilsynet gjekk føre seg i fjor, var det 42 pasientar som var utlokalisert. Gjesdal understrekar at dette er ein liten andel av dei totalt 1000 sengeplassane på sjukehuset.

– Vi deler bekymringa for pasienttryggleik knytt til utlokalisering og vi arbeider kontinuerleg for å betre rutinane. Det første vi gjer er å sikre kirurg-kompetanse og fleire kirurgiske sengeplassar i mottaksklinikken, slik at fleire kirurgiske pasientar kan få god oppfølging der, seier Gjesdal.

To fekk ikkje medisin

Ifølgje rutinane skal det medisinskfaglege ansvaret for pasientane ligge i den avdelinga pasienten er. Men i intervju som Fylkeslegen gjorde på sjukehuset, kom det fram at det var ulike oppfatningar om kva lege som var medisinsk ansvarleg for pasientane som blei flytta mellom avdelingar.

Det vart også opplyst at enkelte kirurgiske legar ikkje går på visitt til pasientar som er flytta til deira sengepost.

Undersøkinga viste også at to pasientar i det aktuelle tidsrommet ikkje fekk dei medisinane dei skulle ha, og ein fekk ikkje legevisitt. Det kom også fram at sjukepleiarar ofte må purre på legevisitt, og at pasientane får visitten seint.

I fleire intervju kom det også fram at utlokalisering av indremedisinske og gastrokirurgiske pasientar i ein del tilfelle fører til forseinka diagnostikk og behandling.

FÅR REFS: – Vi kjem ikkje til å ha null utlokaliserte pasientar, men vi må sørgje for gode rutinar og kontrollere at dei fungerer i praksis, seier Clara Gjesdal. Foto: Silje Katrine Robinson

Direkte frå akutten

Dei aller fleste pasientane som vert utlokalisert, blir dessutan sendt direkte frå Akuttmottaket. «Dette medfører risiko for at feil pasient vert utlokalisert» heiter i rapporten.

Vakthavande lege skal ifølgje rutinane til Helse Bergen vurdere kva pasientar som eignar seg for flytting dersom det er for lite kapasitet. Men undersøkingane til Fylkesmannen viser at dette ikkje er praksis.

– Dette har vi tatt tak i. Lege skal alltid skal vere involvert før avgjerda blir tatt om å flytte ein pasient, seier Gjesdal.

Manglar oversikt

Haukeland har ikkje oversikt over kor ofte denne praksisen vert nytta. Det er heller ikkje krav til rapportering.

Korridorsenger, som ofte er alternativet til utlokalisering, skal rapporterast. Og det er eit uttalt ønskje frå helseministeren at talet på korridorsenger skal vere minst mogeleg.

– Vi har ingen haldepunkt for å tru at Haukeland bruker dette som eit verkemiddel for å ha minst mogeleg korridorsenger. Dei tyr til utlokalisering når det ikkje finst andre utvegar, seier Robøle.

Helse Bergen må innan 1. april sende plan for retting av lovbrot.

Publisert