«Ragnar Hovland styrkte vestlendingens tru på det sanselege. Han gav Ivar Aasen fargane i kjakane tilbake.»

Ragnar Hovland.

Publisert:

Foto: Tor Høvik

Forfattar Ragnar Hovland er min personlege helt og litterære leiestjerne i livet.

Det er han som har berga forteljinga om Vestlandet frå seg sjølv, og det er altfor få som veit det i dag. Ta derfor dette som ein heilt naudsynt påminnar, midt i svartaste adventstida.

Å drive med nynorsk på heiltid for nokre tiår sidan, var komplisert. Nynorsk var mykje plikt og tvang og salmesong.

Nynorsk var sorg, naud, skulemeistersk autoritet og pinetrong religiøs moralisme. Nynorsken var sjølvrettferdig og sutrande, og desto vanskelegare å vedkjenne seg.

Nynorsken var grauta ned i depresjon og innovertungsyn frå Telemark (Tarjei Vesaas) og Jæren (Arne Garborg), og kunne på ingen måte beskrive fargane, lukta, lyden og den osmotiske hinna mellom fornuft og galskap i sinnet til folk mellom Hardangerfjord og Nordfjord.

Men så skjedde det noko. Ragnar Hovland steig opp frå myrane i Fusa ein stad på slutten av 1970-talet.

Hovland skreiv som ein innrøykt anarkist. Han svevde over vatna, med hovudet i ei sky av fransk modernisme og føtene i midthordlandsk bonderealisme.

Han snakka uanstrengt med katten. Med han fekk sauene indre liv og regnet og vinden sjel, lengten ut i den store verda vart vakker.

Med Ragnar Hovland kom dei endelause, nattlege bilturane og høgstemt puling i bakkane blant vaiande strå og hesjestaur tilbake til vestlandslitteraturen.

Hovland styrkte vestlendingens tru på det sanselege, han gav Ivar Aasen fargane i kjakane tilbake.

Han opphøgde det å vandre langs ein vårløysande grusveg til kunst, og gjorde naturen som stryk rundt leggane våre til mytisk jungel med eige, pulserande åndsliv.

Og Hovland skapte ein heilt eigen måte å uttrykkje all denne herlegdomen på. Som dette sitatet, frå den ekstremt sitatvenlege romanen «Sveve over vatna» frå 1982:

«Lykka sat og smilte inne i meg. Ho heldt likevel fast i greina si med ei hand. Ho ville nok sleppe heilt, men ikkje enno. Ho vippa att og fram på greina med morgonsola i ansiktet».

Plutseleg var det lov å vere hemningslaust vestlandsk igjen, det var frigjerande.

Det hovlandske verdsblikket har kanskje gitt ein heil generasjon med forfattarar og forteljarar frå denne sida av fjellet litt meir sjølvtillit og fyr i språket. Marit Eikemo, Agnes Ravatn, Olaug Nilssen, Linda Eide, Frode Grytten, Jon Hjørnevik, Erlend O. Nødtvedt, Finn Tokvam.

Ragnar Hovland er vår redningsmann i mørk dress, hatt og heimelaga kvitvin. Ragnar Hovland er ein verkeleg god grunn til å elske Vestland.

Publisert: