Bør vi rive rådhuset?

Det er feilkonstruert, fullt av asbest og har ein fasade som smuldrar av. Er det på tide å rive rådhuset og byggje eit nytt?

Rådhuset i Bergen er eit av dei mest utskjelte bygga i byen.

Elvesteinen på fasaden smuldrar av, bygget har alvorlege konstruksjonsfeil og for tredje gong er det funne giftig asbest ein ikkje visste om.

No er det i så dårleg stand at dei tilsette ikkje får lov til å arbeide der lenger, og måtte flytte ut.

På den andre er betongblokka eit tidsvitne frå 70-talet med sin karakteristiske brutalistiske arkitektur.

Bør vi rive rådhuset, og byggje eit nytt? Eller vil det vere ein tabbe for ettertida?

TRUGA: Varaordførar Marita Moltu (PDK) har foreslått å rive 70-talsblokka fordi den er i dårleg stand. No ventar politikarane på ein prislapp for å få reparert rådhuset. Fred Ivar Utsi Klemetsen

Abonner på podkast-serien via iTunes, på Soundcloud eller søk den opp i din podkast-app.

Gjestar i podkasten denne veka er politisk kommentator Morten Myksvoll og journalist Anders Haga.

Produsent er Henrik Svanevik.