Den evige, trassige trua på at den vesle ein dag kan bli den største: Historia om Kinn-ølet er eit vakkert vestlandsk evangelium.

Kinn Bryggeri

Publisert Publisert

FLORØ: Å kome frå ein liten stad blei gjort til noko bra. Geografien og tradisjonen blei løfta fram, ikkje gjort til eit problem, skriv BTs sjefredaktør Øyulf Hjertenes. Foto: Tor Høvik

  • Øyulf Hjertenes
iconDenne artikkelen er over ett år gammel

Når julekvelden kjem, vil det stå juleøl frå Kinn på bordet heime i Fridalen. I år igjen. Eg veit det finst andre øl der ute. Objektivt sett finst det sikkert betre øl også, sjølv om Kinn er mellom dei som brukar å gjere det skarpt i testar.

Men Kinn er inga objektiv oppleving. Kinn er det kontinuerlege beviset på at det nyttar. Alt slitet, alt strevet. Trua på at kvalitet og identitet kan trumfe standardisering og kjedelegifisering. Trua på at ein liten kystby kan hamle opp med dei aller største.

Vestland har mykje å by på. Det veit dei fleste av oss som kjem herifrå. Passar det seg då å opne julekalenderen i Bergens Tidende med øl? Har vi ikkje nok av fjelltoppar og ferjer og isbrear å løfte fram?

Det har vi. Dei vil få sine 15 minutt med heider utover i adventstida.

Men Vestland er meir enn stein, stål og vatn. Vestland er meir enn noko å leve av, det er også noko å leve for. Ein stad å høyre til. Ein stad å vere stolt over.

Kan ein av verdas fremste dramatikarar kome frå Hardanger? Kan eit lite fiskevær sør for Bergen bli verdsleiande på havet? Kan Fana-osten bli verdas beste? Kan eit handverksbryggjeri i Florø bli leiande i landet?

Ja.

Naturstridig er det, men ja.

Kvifor ikkje?

Eg hugsar godt då Espen Lothe lanserte Kinn Bryggeri i Florø for snart ti år sidan. Lothe var lærar på ungdomsskulen eg sjølv gjekk på nokre år tidlegare. Dette kom neppe til å vare, tenkte eg. Folk vil heie i ei veke, og så er det tilbake til Hansa.

Kinn var tidleg ute, til liks med Ægir i Flåm. Dei fekk fotfeste før det blei for mange om beinet. Resepten til Lothe var produkt av høg kvalitet og ein særs tydeleg identitet. Å kome frå ein liten stad blei gjort til noko bra. Geografien og tradisjonen blei løfta fram, ikkje gjort til eit problem.

Der vinkjennarar snakka om jordsmonn i Sør-Frankrike, snakka Kinn om «ein leskande drikk etter slåtten» og «trøyst etter feilslått fiske».

Slik skapte Espen Lothe ein suksess.

Lothe sjølv er ein entusiast som brenn for det han held på med, og som tidleg forstod kor han trengde hjelp. Ikkje alle gründarar gjer det.

Kinn vann kåring etter kåring, med Ivar Aasen som frontfigur på dei særmerkte flaskene. I dag er Kinn det største bryggjeriet på Vinmonopolet. Bryggjeriet har 12 tilsette og omset for 25 millionar kroner. Kinn skapar verdiar.

Den viktigaste verdien, handlar ikkje om pengar. Den handlar om den evige, trassige trua på at den vesle ein dag kan bli den største.

Publisert
  1. NYHETER

    24. Jeg reiser alltid vekk til jul. En bit av Vestlandet er med hele veien.

  2. LOKALT

    23. Bygder. Det finst så utruleg mange bygder. Utan bygdene var det ikkje noko Vestland.

  3. NYHETER

    22. Eg har gått den beste skulen. På eit småbruk på Vestlandet.

  4. NYHETER

    21. Eg kunne sykla til tre ulike bedehus. Der var det saft, kaker og fellesskap nok til å ha det kjekt på himmelvegen.

  5. NYHETER

    20. Der sitter du, i slutten av 20-årene, i en campingstol i Øygarden. Og så er den der. Ørnen.

  6. NYHETER

    19. «Ragnar Hovland styrkja vestlendingen si tru på det sanselege. Han gav Ivar Aasen fargane i kjakane tilbake.»

  1. 24 grunner til å elske Vestland
  2. Øl
  3. Bryggerier
  4. Webview
  5. Vinmonopolet