Sist veke avdekte Bergens Tidende korleis legemiddelkjempen Novartis overfor Ullevål universitetssjukehus foreslo ein medisinavtale som både selskapet og Ullevål ville tent på, men som ville kosta skattebetalarane 23 millionar kroner ekstra.

Rabattar frå Novartis, kombinert med oppdeling av dosane, ville få dette utslaget: Augeavdelinga ved sjukehuset kunne tene fire millionar kroner meir på å bruke det desidert dyraste legemiddelet mot augesjukdommen våt AMD.

– Dette var eit forsøk på å få til ein uakseptabel bruk av fellesskapets midlar, seier stortingsrepresentant Tellef Inge Mørland (Ap).

Han sit i Helse- og omsorgskomiteen på Stortinget, og har no sendt spørsmål til helseminister Bent Høie om saka.

DYRT: Tellef Inge Mørland (Ap) seier BT har avdekt noko som ikkje må ikkje må få fotfeste.
PETER MYDSKE

– Må ikkje få fotfeste

Mørland vil vite om statsråden er sikker på at tilsvarande avtalar ikkje er inngått andre plassar i det offentlege helsevesenet. Han vil også vite kva Høie vil gjere «for å hindre at fellesskapets helsevesen i fremtiden skal bli utsatt for lignende forsøk fra legemiddelselskaper».

– Det BT har avdekt er ein praksis som ikkje må få fotfeste. Dei økonomiske konsekvensane kan bli omfattande dersom dette får utvikle seg. Så vidt eg kan sjå, ville den foreslåtte avtalen ikkje gitt pasientane eit betre tilbod, men berre gjort at fellesskapet måtte betalt meir, seier helsepolitikaren.

Helseminister Høie har sagt at han har forståing for at legemiddelselskapa må tene pengar.

«Men jeg synes det er uetisk om de bevisst foreslår å utnytte finansieringssystemet for at et sykehus skal ta i bruk deres medisin», skreiv helseministeren til BT sist veke.

Fryktar for tilliten

– Spørsmålet er om han kan garantere at dette ikkje skjer andre stader i helsevesenet. Om han ikkje kan det, må vi ha kontrollmekanismar som gjer at slikt blir fanga opp, seier Mørland.

– Er ikkje eitt av poenga med innsatsstyrt finansiering nettopp at sjukehusa skal prøve å finne løysingar som er økonomisk gunstige for dei?

– Systemet er ikkje konstruert for at vi skal få denne typen manøvrering. Slike hol må vi få tetta. Elles vil tilliten folk har til systemet blir undergrave, seier Ap-representanten.

Vil sjå på hemmeleghaldet

Det er i dag hemmeleg kva slags prisavtaler sjukehusa forhandlar fram med legemiddelindustrien for denne typen medisinar.

Industrien stiller krav om slikt hemmeleghald for å gi rabattar. Mørland meiner det er grunn til å sjå nærare på omfanget av hemmeleghaldet – nettopp for å betre kontrollen.

– I den saka BT har omtalt, var det legar med høg etisk standard som hindra at avtalen vart inngått. Men vi kan ikkje ha eit system der vi er avhengige av enkeltpersonar. Vi må i alle fall ha høve til å drive ein skikkeleg intern kontroll.

– Ap har tidlegare ikkje støtta dei som ønskjer full openheit om legemiddelprisar?

– Så langt det lar seg gjere vil vi ha openheit. Men balansegangen er krevjande. Vi kan ikkje risikere at krav om innsyn i prisane fører til at enkelte pasientar ikkje får tilgang til medisinar dei treng, seier Mørland.

Bent Høie har seks dagar på seg til å svare stortingsrepresentanten.

Novartis har tidlegare sagt til BT at dei ikkje kan kommentere «konfidensielle prisforhandlinger». Dei har avvist at dei har prøvd å utnytte finansieringssystemet. Selskapet viser til at det rimelege alternativet ikkje er utvikla for auget, og at det heller ikkje er godkjent for slik bruk. Middelet blir nytta «off label», etter at ei lang rekkje studiar har vist at det er like effektivt og trygt som det godkjente legemidlet.