Kan krangling og kaos velte Ap-makta i Bergen?
Arbeiderpartiet er prega av krise og konflikt. Det kan koste partiet dyrt i neste lokalval. Høyr kvifor i vekas episode av BT20.

Krangling, #metoo-skandalar og mislykka politikk har ført til at Arbeiderpartiet stuper.
Denne vekas episode av BT20 handlar om fallet, kva dei kranglar om og konsekvensane. Kan det koste dei makta i Bergen?
Abonner på podkast-serien via iTunes her, på Soundcloud her eller søk den opp i din podkast-app. Du kan også høre den nederst i denne artikkelen.
Allereie før stortingsvalet i 2017 begynte det å rakne for partiet. Taktikken dei hadde valt slo ikkje noko særlig an blant veljarane.
Eit skuffande val var berre starten. I desember kom Giske-saken, der han var skulda for å ha drive med seksuell trakassering.
Det blei konkludert med at han hadde brote retningslinene til partiet.
I kjølvatnet av Giske-saka vaks det fram maktkamp og splid i leiinga i partiet. Jonas Gahr Støre klarte ikkje å roe gemyttane mellom dei forskjellige fraksjonane i partiet.
No er lokallaga lei av kranglinga. Til hausten startar valkampen før kommune- og fylkestingsvalet i 2019.
Spelet om makta i Bergen er i gang, og Bergen Ap ber toppleiinga i partiet slutte å krangle og skjerpe seg.
Heile historia kan du høyre i vekas episode av BT20 på din podkast-app!
Produsent for podkasten er Henrik Svanevik.
Les mer om dette temaet
Mest lest akkurat nå
E16 i Ytre Arna framleis stengd. Ny vurdering i føremiddag.
Roses etter prestisjeopptreden i Edinburgh: – Dette var helt fantastisk
Mann pågrepet etter vold på badeplass
Her strømmer de på for å gjøre gratiskupp: – Vi hadde ikke forventet så mange folk
Rikke (6) har vært klar for skolen lenge. Slik er det ikke for alle. – Forskjellene blant elevene i første klasse er ofte veldig stor.
Agenten: — Stresser ikke